Spør KI-samtaleroboten vår
Illustrasjonsbilde åpen digital kafé
Webinar

MSCA Staff Exchanges (SE) – Webinar om tilsette-mobilitet innan forskings- og innovasjonsprosjekt

Passer for:

Forskarar, leiarar og andre som er involvert i forskingsprosjekt

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Marie Skłodowska-Curie Actions Staff Exchanges finansierer korttidsutveksling mellom sektorar. Målet er å utvikle berekraftige forskings- og innovasjonsprosjekt gjennom utveksling av tilsette.

Målgruppa er internasjonale konsortium som kan bestå av universitet, institutt, næringslivsinstitusjonar, små- og mellomstore bedrifter og andre ikkje-akademiske institusjonar.

  • Under webinaret held The Research Executive Agency (REA) ved Aleksandra Shoetz Sobczak eit innlegg om utlysinga.
  • Sjølve utlysinga har søknadsfrist 5. februar 2025.
  • Webinaret blir halde på engelsk. 

Det er fleire årsaker til at det er fint å kjenne til denne ordninga.

  • Innvilgingsprosenten pleier å vere gunstig, opp til 25%.
  • Vidare er Staff Exchanges heilt tematisk open og bottom-up, og dreier seg i hovudsak om sjølve mobiliteten.
  • Mangfaldet i prosjekta er stor, og alle fagområde er velkomne.

Staff Exchanges er eit fint høve til til å kunne byggje nettverk og utveksle kunnskap over sektor- og landegrenser, og leggje grunnen for vidare eller nye samarbeid innan forsking og innovasjon, ordninga er ikkje berre avgrensa til Europa.

Sjå utlysinga MSCA Staff Exchanges 2024 (europa.eu)

Kontaktpersoner

Berit Sundby Avset

  • SpesialrådgiverBanebrytende forskning

Per Magnus Kommandantvold

  • SpesialrådgiverBanebrytende forskning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. juli 2025, kl. 04.46 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.