Godkjend prosjekt, kva no?
Om vi godkjenner søknaden dykkar, må organisasjonsrepresentanten først sende inn ei eigenerklæring for bedrifta. Deretter vil vi opprette eit prosjekt med eit prosjektnummer i systemet vårt. All vidare kommunikasjon og rapportering vil gå føre seg i prosjektet, ikkje i søknaden.
Dette bør du ha på plass når du startar prosjektet
- Oppgåver og roller i prosjektet: Gi alle prosjektdeltakarar og andre med oppgåver eller roller i prosjektet tilgang til prosjektet via Mi side.
- Prosjektrekneskap med revisor: Alle som krev skattefrådrag i SkatteFUNN-ordninga må ha revisorattestasjon av prosjektrekneskapet som tala i skattemeldinga er baserte på. Du må derfor allereie ved oppstart av prosjektet sørgje for å ha eit system for å føre prosjektrekneskap fortløpande for å dokumentere utgiftene per arbeidspakke i prosjektet. Timelistene skal signeres av prosjektdeltaker og prosjektansvarlig løpende, og minst hvert kvartal.
- Dokumentasjon av større kostnader: Dei må hente inn dokumentasjon av kostnader over 100 000 kroner (eks. mva) frå eventuelle underleverandørar ved kjøp av FoU-tenester frå nærståande føretak.
Føre prosjektrekneskap
For å få skattefrådrag gjennom SkatteFUNN, må bedrifta føre rekneskap jamleg og rapportere viktige endringar i prosjektet.
Rapportere til Forskingsrådet
Dersom prosjektet går over fleire år, må du levere statusrapport innan 1. mars året etter at prosjektet vart godkjent og kvart år etter dette. Når godkjenningsperioden er over skal du sende inn sluttrapport.
Melde inn endringar
Det er viktig at vi til kvar tid har oppdatert og korrekt informasjon om prosjektet. Sjå meir informasjon om kva du skal gjere ved endringar i prosjekt.
Hvordan finne og rapportere gammelt prosjekt i ny løsning?
SkatteFUNN-prosjektene fra Mitt nettsted er nå flyttet til vår nye løsning, Min side. Alle med en rolle i prosjektene har fått e-post om at flyttingen er fullført, og at dere nå kan rapportere. Personen med «søker-rollen» har fått en e-post med instrukser om hvordan finne prosjektet og rapportere i ny løsning.
Klage på avslag
Du kan klage på vedtaket. Det finst ei eiga ordning for å klage på Skattefunn-vedtak som skil seg frå dei andre ordningane våre. Fristen for å sende inn klage er innan tre veker frå du får avslagsbrevet, med mindre det er spesifisert ein annan frist.
Skattemeldinga
Utbetalinga kjem gjennom skatteoppgjeret, anten som ein reduksjon i skatt eller som ei utbetaling for bedrifter som ikkje er i skatteposisjon.
De må sjølv krevje frådrag for FoU-kostnadene via skattemeldinga via eit eige temakort som heter «Skattefradrag for forskning og utvikling". Frist for å sende inn skattemeldingen er 31. mai hvert år.
Sjå Skatteetatens rettleiing for kva du må gjere for å få skattefrådrag.